A2F sin pilotgard nominert til innovasjonspris

Folvengaard AS er ein av tre nominerte til landbrukets Innovasjonspris. Ved bruk av lokale naturressursar og husdyrgjødsel produserer bøndene Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle mikroalgar som skal bli til mat og fôr. Folvengaard AS er partner i det unike forskingsprosjektet. Dei bygger no sin eigen fotobioreaktor som dyrkar mikroalgar av CO2-utsleppa frå kyrne på garden.

Av: Kristian Fuglseth. Bilete: Alf Erik Gjørven og Rolf Olav Gjørven. Foto: Aurora Hannisdal / Differ

– Dette er den første bioreaktoren som er installert på eit gardsbruk, fortel mjølkebonde Rolf Olav Gjørven. Det er ei ære å bli nominert til ein innovasjonspris.

Prisen vert delt ut under MAT OG LANDBRUK på Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo. Tirsdag 14. januar. Les program.

– Reaktoren i Stryn viser at landet kan vere sjølvforsynt med dei sentrale næringskjeldene som vi i dag importerer og tilset i matproduksjonen, fortel forskingsleiar Stig A. Borgvang i Algae To Future-prosjektet (A2F) som er styrt frå NIBIO på Ås og finansiert av Forskingsrådet.

Norsk algeindustri

Kvart år importerer vi om lag 500 000 tonn soya til mellom anna oppdrettsfôr og dyrefôr. No ser både landbruket og oppdrettsnæringa etter alternativ, og mange har fått opp auga for produksjon av mikroalgar i lukka miljø.

Mikroalgane veks i vatn, lev av CO2 og får sin energi frå lyset. Folven nyttar ein krinslaup frå kumøkk i lukka gjødselstank, forbrenning av metangass og uttrekk av CO2 som byggesteinar til mikroalgene i eit lukka system. Folven har eige vasskraftverk som gjev energien til lys som mikroalgane treng til veksten. I løpet av kanskje fjorten dagar kan vi hauste næringsrike mikroalgar som er fulle av protein og feite fettsyrer som dyra er så avhengige av.

– Vi ser at vi rykker nærare målet om ein berekraftig mikroalgeindustri. Behovet i næringa er der, og desse reaktorane viser at der er konkret teknologi som kan investerast i. Reaktorane kan setjast opp der fôr- og matproduksjonen er. Det er som fotosyntesen i stor skala. Ved å bruke algene i dyrefôr kan primærproduksjonen auke, heilt uten bruk av matjord. Er det noko vi har nok av her i landet, så er det godt vatn, nok CO2 og fornybar energi, seier Borgvang, men peikar på at matjord er ein avgrensa ressurs.

– Det er ei stor ære å bli nominert til landbrukets innovasjonspris, seier dei offensive Vestlands-bøndene og håpar nominasjonen til Landbrukets Innovasjonspris kan bidra til auka merksemd om prosjektet. Dette er svært motiverande. Dersom nominasjonen kan bidra til auka satsning på utvikling av ein meir sirkulær og berekraftig mat- og fôrproduksjon, er det svært gledelig, seier Gjørven.

Bilete: Alf Erik Gjørven og Rolf Olav Gjørven. Foto: Aurora Hannisdal / Differ

Alf Erik Gjørven Og Rolf Olav Gjørven Foto Aurora Hannisdal I Differ