Alger kan bli storindustri

Forskarar frå heile landet var samla denne veka ved NIBIO på Ås for å oppsummere dei foreløpige resultata i forskingsprosjektet Algae To Future. Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd, og er det største mikroalgeprosjektet nokon gong her i landet.
Og resultata verkar eintydige. Mikroalgene gir fleire fordelar i matproduksjon.
– No har vi produsert fiskefôr med 30 prosent biomasse frå mikroalger. Desse mikroalgene har dei essensielle aminosyrene for å bygge protein og marine omega-3 oljar som til dømes soya manglar. Vi slepp å tilsette desse næringsstoffa kunstig. Mikroalgene kjem rett frå fotosyntesen slik som mykje godt alt liv på jorda – og vi nyttar dermed ein av dei mest grunnleggande prosessane for liv og sunn vekst.
– Fiskefôret vart grønt, og det må vel vere eit sunnheitsteikn, seier Katerina Kousoulaki.

Nye verdikjeder
– Dette vil vere ein liten revolusjon for dagens verdikjeder dersom matprodusentane får tilgang til å produsere store nok volum her i landet. Og det er fullt mogleg. Det seier forskarkollega i Algae To Future-prosjektet, Nils-Arne Ekerhovd frå Samfunns- og Næringslivsforskning AS ved NHH i Bergen.
Mikroalgar er så langt ned i næringskjeda som ein kjem. Her er næringsutbytet mykje større fordi det ikkje er brukt energi på vekst og fordøying gjennom andre artar. I staden for å fôre fisk og dyr med mjøl og olje frå soya, raps eller palmeolje – bør pellets og anna fôr ta eit steg ned i næringskjeda.
Avskoging for soya- og rapsdyrking har sjølvsagt sine kostnader i dei landa vi importerer frå, men ein like stor gevinst ved heimedyrking av mikroalgar er at produsentane får kontroll på større delar av verdikjeda. Mikroalgar lever av CO2 og veks ved hjelp av energi frå lys. I staden for å sleppe ut CO2 ved frakt og produksjon av fôr, vil mikroalgene ete opp CO2 som vi fangstar til dømes på Mongstad.
Mikroalgar lever av CO2 og veks ved hjelp av energi frå lys. I staden for å sleppe ut CO2 ved frakt og produksjon av fôr, vil mikroalgene ete opp CO2 som vi fangstar til dømes på Mongstad.
Kvar gard sitt anlegg?
– Vi har no produsert biomasse frå CO2 her på Nasjonal Algepilot Mongstad i snart to år, og denne massen blir utprøvd av forskarar i Algae To Future-prosjektet, og det vert no også produsert biomasse frå eigen reaktor på NIBIO, ÅS, fortel algeforskar Dorinde Kleinegris i Uni Research. I pilotanlegget her på Mongstad finn vi den rette samansetninga av CO2, vatn og sollys. Vår modell kan settast opp i store eller små anlegg der ein vil.
– Tenk om kvar fôrprodusent, kvar mjølkegard eller kjøtprodusent kunne ha sitt eige vesle anlegg for å lage mikroalger til dyra sine. Det er sunn, kortreist mat, det, seier Kleinegris.
Det er både samarbeid og god konkurranse mellom ulike land om kven som kjem i førarsetet for ei industrialisering av mikroalgeproduksjon. Biodrivstoff av mikroalgar verkar lovande i mange forsøk rundt om i verda – men det er i produksjon av mat vi verkeleg får dei store helsemessige- og bærekraftige resultata. Noreg er storimportør i marin industri, men også ein stor matprodusent elles. Vi har nok fornybar energi, nok CO2 og nok reint vatn. Når forskarane no finn dei optimale vekstforholda, er moglegheitene store.
Råde Bakeri, Nøgne Ø bryggeri og forsøksgardar som til dømes Folven Gard i Stryn, er deltakarar i Algae To Future-prosjektet, og vil produsere mat av mikroalgar. Det første brødet er allereie baka, og forskingsmiljøet ved NOFIMA har allereie prøvd ut mikroalger i fiskefôr.