Folvengaard AS vann Landbrukets innovasjonspris 2020

Landbrukets Innovasjonspris 04 Scaled

Alf Erik og Rolf Olav Gjørven saman med Dag Hjelle (Foto: John Arne Tollefsen)

Folvengaard AS vann Landbrukets Innovasjonspris 2020 som vart delt ut av landbruks- og matminister Olaug Bollestad under Mat og Landbruk-konferansen i Oslo i dag. Ved bruk av lokale naturressursar og husdyrgjødsel produserer bøndene Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle mikroalgar som skal bli til mat og fôr.

– Innovasjonsprisen er ei stor kjelde til inspirasjon for arbeidet med å realisere prosjektet fullt ut, fortel vinnarane. Dei er dei første i verda som har starta algeproduksjon på eigen gard.

– Det er flott å sjå at nokon torer å gå foran. Algebøndene viser at jordbruket også er langt framme når det gjeld nytenkning, sa mat- og landbruksminister Olaug Bollestad då ho delte ut prisen.

Folvengaard AS er partner i det unike forskingsprosjektet Algae To Future. Gjennom forskingsprosjektet kan garden no bygge no sin eigen fotobioreaktor som dyrkar mikroalgar av CO2-utsleppa frå kyrne på garden.

– Reaktoren i Stryn viser at landet kan vere sjølvforsynt med dei sentrale næringskjeldene som vi i dag importerer og tilset i matproduksjonen, fortel forskingsleiar Stig A. Borgvang i Algae To Future-prosjektet (A2F) som er styrt frå NIBIO på Ås og finansiert av Forskingsrådet.

– Folvengaard er ein pioner. Dei viser definitivt at norske bønder kan tenke nytt og bærekraftig. Eg har stor tru på at mikroalger, produsert på norske gardsbruk kan gjere oss meir sjølvforsynte med protein og slik betre mattryggleiken vår, sier Åge Klepp, fagsjef for innovasjon i Norsk Landbrukssamvirke.


Ruben Kari Alf

Rå biomasse rett frå reaktoren. Her frå venstre: Ruben Langlo som er med i prosjektet frå Vital Seafood, forskar Kari Skjånes i NIBIO og Alf Erik Gjørven i Folvengaard AS (Foto: Erling Fløistad, NIBIO)

Norsk algeindustri

Kvart år importerer vi om lag 500 000 tonn soya til mellom anna oppdrettsfôr og dyrefôr. No ser både landbruket og oppdrettsnæringa etter alternativ, og mange har fått opp auga for produksjon av mikroalgar i lukka miljø.

Mikroalgane veks i vatn, lev av CO2 og får sin energi frå lyset. Folvengaard nyttar ein krinslaup frå kumøkk i lukka gjødselstank, forbrenning av metangass og uttrekk av CO2 som byggesteinar til mikroalgene i eit lukka system. Folven har eige vasskraftverk som gjev energien til lys som mikroalgane treng til veksten. I løpet av kanskje fjorten dagar kan vi hauste næringsrike mikroalgar som er fulle av protein og feite fettsyrer som dyra er så avhengige av.

– Vi ser at vi rykker nærare målet om ein berekraftig mikroalgeindustri. Behovet i næringa er der, og desse reaktorane viser at der er konkret teknologi som kan investerast i. Reaktorane kan setjast opp der fôr- og matproduksjonen er. Det er som fotosyntesen i stor skala. Ved å bruke algene i dyrefôr kan primærproduksjonen auke, heilt uten bruk av matjord. Er det noko vi har nok av her i landet, så er det godt vatn, nok CO2 og fornybar energi, seier Borgvang, men peikar på at matjord er ein avgrensa ressurs.

Forskingsprosjektet Algae to Future har siste par åra samla 20 forskingsmiljø i eit nettverk som kan dyrke proteinar, feite omega-3 feittsyrer, antioksidantar, og dei sentrale næringsstoffa som vi treng i maten. Les om A2F-prosjektet på NIBIO sine nettsider.

Kontakt forskingsleiar Stig A. Borgvang i NIBIO, Stig.borgvang@nibio.no, Tlf.: 485 67 258