Rettleiing til læraren - bake med mikroalgar
Ein viktig ingrediens i brød er mjøl. Mjøl inneheld både protein og karbohydratar. No vil forskarar i Algae to future-prosjektet finne ut om mikroalgar kan erstatte desse viktige næringsstoffa. Det skal dei gjere ved å bake brød med biomasse frå algar, men dei treng hjelp til å finne den perfekte oppskrifta. Vil du og elevane dine hjelpe?

FN har rekna ut at det i 2050 vil vere 9,8 milliardar menneske på jorda, og at matproduksjonen må aukast med 70 prosent (FN-sambandet, 2018). Det betyr mellom anna at ein må sjå etter nye proteinkjelder, både fordi ein treng større volum, men også fordi ein stor del av produksjonen av protein i verda i dag ikkje er berekraftig.
Alger for fremtiden (A2F) vil utforske moglegheitene for å auke næringsverdien i brød ved å tilsette mikroalger i deigen, og samtidig behalde den gode smaken på brødet som gjer at forbrukarane vil ete det. Nofima Ås arbeider med å tilsette algar i brød for å auke innhaldet og om mogleg også kvaliteten på proteinet. Målet til forskarane er å auke proteininnhaldet i brød. I framtida vil det bli eit stort fokus på proteinforsyning, og bruk av algar frå havet kan bli ein viktig ressurs.
Kva er ein mikroalge?
Ein mikroalge er ein eincella alge som er kjent for å innehalde ei betydeleg mengde næringsstoff som mellom anna protein, fleirumetta feittsyrer, vitaminar og karbohydrat. Dei blir sett på som ei lovande berekraftig kjelde til mat og fôr.
Denne læringsressursen legg opp til følgjande aktivitet:
- Bake brød med bioalgemasse frå mikroalgen Chlorella vilgaris. Aktiviteten inneber registrering av brødkvalitet utifrå ulik mengde Chlorella brukt i deigen, i høve til smak, lukt, utsjånad og tekstur.
Målsetting
Å få elevane til å reflektere over samanhengen mellom matproduksjon og miljøutfordringar. Gjennom brødbaking med mikroalgar, kan elevane få vere med på å finne løysingar for berekraftig matproduksjon for framtida.
Kva må du som lærar kunne for å gjennomføre denne øvinga?
Du som lærar må på førehand ha lest deg opp på informasjon om forskings- prosjektet A2F. Det finn du mellom anna på www.a2f.no. Dette er ein nettstad laga for målgruppa 13 til 19 år. Her finn du animasjonsfilmar som du kan sjå på ilag med elevane dine. I tillegg inneheld nettstaden artiklar om forskingsprosjektet og bakgrunnsstoff. Det er laga ulike quiz-ar knytt til artiklane som elevane kan løyse. I tillegg vil eg oppfordre deg til å sjå på FN-sambandet sine nettsider om folkevekst.
Brødet har vore viktig i tusenvis av år, mellom anna på grunn av proteininnhaldet.
Protein er ein av dei viktigaste byggjeklossane til både menneske og dyr. Ifølgje Store medisinske leksikon inneheld eit gjennomsnittsmenneske rundt elleve kilo protein. I mange celler utgjer protein halvparten eller meir av tørrstoffet, og i alle celler hjå dyr er dei grunnleggjande prosessane knytt til protein.
Protein blir kontinuerleg brote ned og kan ikkje bli lagra i kroppen. Difor er jevn tilførsel viktig. Animalske produkt som fisk, kjøt, melk og egg er spesielt gode kjelder til protein av høg kvalitet (Kierulf & Svihus, 2018). Ein må tilføre protein gjennom maten som kjelde til aminosyrene som ein treng for å bygge nytt protein i kroppen. Årsaka er at kroppen som ein del av vedlikehaldsarbeidet kontinuerleg bryt ned og bygg opp att proteina i kroppen. Dette er særleg viktig for barn som veks.
Den perfekte oppskrifta
Å bake algebrød, er ikkje vanleg i heimane rundt omkring. Forskarane har enno ikkje funne fram til den perfekte oppskrifta. Men, for å finne den, må ein prøve seg fram. Forsking er detektivarbeid.
- Det er lett å bake gode brød med ei lita innblanding av alger. Brøda blir fort grøne på farge, så dei får sitt særpreg med tanke på utsjånad. Utfordringa er å bake brød med ei stor nok innblanding til at vi kan seie at dette har ein helsemessig effekt utan at det går utover lukt og smak, seier Nofima-forskar Anne Kjersti Uhlen, som er ansvarleg for utprøving av proteinrik algebiomasse med brød som eksempel i A2F-prosjektet.
Korleis kan eg og elevane mine hjelpe til?
Du og elevane dine kan vere med på denne utprøvinga gjennom baking av brød med algebiomasse på skulekjøkkenet. Dette er ei godkjent vare for bruk i mat. Algane inneheld ikkje peptidar som cøliakiarar reagerer på, så det skal vere trygt for dei også.
Kva skal til for at dette brødet vert tatt godt imot av forbrukarane? Her er det berre å prøve seg fram, til dømes med ulike typer krydder. Ungdom er gjerne meir vågale når det gjeld å prøve ut nye smakar, og vil kanskje prøve smakskombinasjonar ein vaksen ikkje hadde tenkt på.
Engasjere
Å bake brød med ein så uvanleg ingrediens burde vekke nysgjerrigheita hjå elevane. Ifølge læreplanen i mat og helse handlar hovudområdet mat og forbruk mellom anna om å bli kjend med ulike matvarer, varemerking og produksjon, og om mennesket som kritisk og ansvarleg forbrukar. Det skal leggjast vekt på å utvikle ferdigheiter og motivasjon, slik at ein kan velje ein livsstil som tek omsyn til menneske og miljø.
Denne øvinga opnar for refleksjonar kring fleire av desse områda.
Til dømes:
- Kvifor skal ein tilføre deigen desse algane?
- Kva gjer det med brødet?
- Endrar det farge, konsistens?
- Smakar det slik ein forventar at eit brød skal smake?
- Kva tyder det at noko er berekraftig?
- Kva kan kvar enkelt gjere for å praktisere berekraftig matforbruk? For eksempel å auke forbruket av grønnsaker og frukt, ete mindre kjøtt, kjeldesortere, kjøpe kortreist/lokalprodusert mat og økologisk dyrka mat og bruke restar.
Kva skal elevane finne ut?
For å få eit brød med nok protein frå mikroalgane, må ein truleg opp i 8-10 prosent Chlorella. Til no har forskarane funne ut at når ein bakar eit brød med 2,5 prosent av det grøne algepulveret, målt i prosent av tørt mjøl, så er brødet godt på smak. Elevane kan difor prøve ut ulik mengde Chlorella for å samanlikne kva dei ulike mengdene gjer med resultatet.
Møter framtida med nye tankar
For å møte utfordringane med klimaendringar og matproduksjon, må ein tenke nytt. Barn og unge er framtida. Ein treng å kome tidleg inn i skulen for å sikre at kunnskapen og haldningane inn mot desse problemstillingane kan byrje tidleg. Vidare treng ein å rekruttere fleire forskarar for framtida, og kanskje kan undervisning med praktiske øvingar skape nye, unge forskarspirar.
Problemstillingar knytt til dette forskingsprosjektet kan reise mange diskusjonar i klasserommet, som til dømes refleksjonar kring
- kor maten vår kjem frå i dag
- kan vi skaffe mat på andre måtar enn vi gjer i dag
- korleis matproduksjon påverkar miljøet.
“Ja, eg vil hjelpe algane” tek utgangspunkt i læreplanen for mat og helse (Utdanningsdirektoratet, 2018). Tanken er at det skal gi deg som lærar inspirasjon til å lage eigne opplegg for elevane dine. Du kan bruke opplegget slik det er, men står sjølvsagt fritt til å tilpasse det til den lokale læreplanen, tidsramme og den enkelte elevgruppa.
For å møte utfordringane med klimaendringar og matproduksjon, må ein tenke nytt. Barn og unge er framtida.
Tidsbruk
Hjå pilotskulen vår, Folkestad skule, brukte læraren to økter på tre timar i faget mat og helse. Første økta var lagt opp til ei teoriøkt, der tema var “Kva skal vi ete i framtida”. Andre økt var tre timar med sjølve bakinga. Du kan sjå meir av bakinga på Folkestad skule her.
Unge nysgjerrigperar hjelper forskarane
Forskingskampanjen blir arrangert kvar haust i samband med Forskingsdagane. Kampanjen er ein form for Citizen Science - også kalt borgarforsking eller folkeforsking. I 15 år har tusenvis av elevar bidrege til forsking ved å vere med på kampanjen. (Norges forskningsråd, 2018). Denne læringsressursen fungerer på same måten. Ved å bake brød med mikroalgar og reflektere rundt prosessen og kvifor ein gjer dette, vil elevane kunne komme med viktige bidrag til forskarane.
Dette er også tanken bak reportasjeserien "Forskerbloggen" til det populærvitskapelege programmet Newton på NRK. Her er fire 14-åringar frå Lofoten programleiarar. TV-produsent Ingvill Warholm står bak forskarbloggen. Ho meiner at ved å bruke barn og unge aktivt inn mot forsking, så bryt ein ned barrierer som kan vere viktig med tanke på rekruttering. Warholm håper serien kan inspirere andre barn til å bli interessert i forskning og forskeryrket. (Bolstad & Clausen, 2017).
Fagfornyinga ser framover
Læringsressursen er fagleg forankra i læreplanane frå 2001 og 2003. Korleis vil det stå seg i høve dei nye lærplanane som skal vere klare for elevane hausten 2020?
Ifølge professor Sten Runar Ludvigsen sitt utval skal elevar i dei nye læreplanane øvast opp i evna til kritisk vurdering, problemløysing og kreativitet (Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2018). Det er mellom anna lagt vekt på at det blir viktig å lære om berekraftig utvikling. I framtida vil ein trenge menneske i samfunns- og arbeidslivet som er gode til å reflektere og som kan tenke kritisk og vere kreative.

Dei grøne mikroalgane blir omgjort til proteinrikt pulver som kan brukast i brøddeig. No kan du og elevane dine hjelpe forskarane med å finne fram til den perfekte brødoppskrifta. Vil du hjelpe?
Klarer de å knekke koda?
Mot slutten av A2F-prosjektet i 2021 skal Råde bakeri i Østfold servere smaksprøver på mikroalgebrød, bakt etter oppskrift frå A2F-prosjektet. Kanskje blir det med oppskrift frå deg og dine elevar?
Kjelder:
Bolstad, G., Clausen, N. (2017, 23. august). Forskerblogg på NRK Newton. Henta 29. november 2018 frå https://www.forskningsradet.no/prognett-proforsk/Nyheter/Forskerblogg_pa_NRK_Newton/1254028490643
FN-sambandet (2018, 7. juli). Befolkning, migrasjon og urbanisering. Henta 29. november 2018 frå https://www.fn.no/Tema/Fattigdom/Befolkning
Kierulf, P., Svihus, B. (2018, 6. september). Proteiner - ernæring. Henta ut 29. november 2018 frå https://sml.snl.no/proteiner_-_ernæring
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2018). NOU 2015:8: Fremtidens skole - Fornyelse av fag og kompetanser. Henta 29. november frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2015-8/id2417001/sec1
Utdanningsdirektoratet (2018). Læreplan i mat og helse (MHE1-01): Etter 10. årssteget. Henta 29. november 2018 frå https://www.udir.no/kl06/MHE1-01/Hele/Kompetansemaal/etter-10.-arssteget
Norges forskningsråd (2018). Hva er Forskningskampanjen? Henta 29. november 2018 frå https://nysgjerrigper.no/Artikler/2018/juni/skolematen
Busker, Thomas, lærar ved Folkestad Skule. Algebaking torsdag 14. februar.