Om A2F

Familieanimasjon

Algae to Future (a2f) er eit forskarprosjekt for å undersøke mikroalgar sitt potensial til å produsere protein av høg kvalitet, fleirumetta feittsyrer, og karbohydrata med lågt karbon fottrykk som sunne ingrediensar for mat og fôr i framtida. Vidare skal prosjektet etablere et fundament for industriell mikroalgeproduksjon i Noreg ved å bruke naturressursar og biprodukt frå eksisterande kjelder for næring innan landbruk, akvakultur og prosessindustri.

A2F vil utvikle tre mikroalgeverdikjeder godkjende som mat og/eller fôr basert på stivelse, protein og omega 3 feittsyrer. Mattryggleik og forbrukaraksept vil bli tillagt stor vekt i arbeidet. Mikroalgedyrking i landbruket vil bli testa på Folven Gård, NIBIO sin «Pilotsamarbeidsgard» i Stryn. Pilotforsøka vil bli følgt av ein livssyklusanalyse for å kunne vurdere både miljøeffektar og effektar på andre liner av produksjon på gardsbruk for mjølk og kjøttproduksjon.

Les meir om prosjektet sitt 10 arbeidspakker.

For meir informasjon om prosjektet, sjå til NIBIO sin prosjektside.

Presse og foto

Ta kontakt med Kristian Fuglseth, Høgskulen i Volda for foto, tekst eller video frå prosjektet

kfu@hivolda.no, mob.: 924 40 866

Skjermbilde 2019 06 14 Kl  22 41 54